Tor Arve Røssland på

« Forfattardraumen | Main | Skumringanmeldelse »
onsdag
feb012012

Soga om Svarte-Mathilda

Har bestemt meg for å skrive litt om korleis det går med dei to neste bøkene om Svarte-Mathilda. To bøker som forhåpentlegvis blir fulle av skrekk, gru og spenning. 

Eg er heilt i startfasen på runde to. Tekstane til begge bøkene er ferdige og inne hos forlaget. Redaktøren har sagt sitt og vi er stort sett heilt einige om kva som må endrast, forsterkast og kuttast. Forlagskonsulenten har òg sagt sitt, og nokre ting er vi uenige om, men ikkje slik at vi blir uvener, eller noko slikt. Det skulle tatt seg ut. Konsulenten påpeika òg ein del ting som er ikkje merka sjølv då eg skreiv, eg blir nesten flau over å ha skrive noko så tåpeleg, her er det berre å stryke og legge til nye, spreke ord.

Har hatt nokre månader fri frå tekstane om Svarte-Mathilda no. Då ser eg heilt nye ting. Nye moglegheitar og nye element som burde ha vore der frå starten, men som elegant snik seg inn mellom dei andre orda og gjer det heile betre. Eg ser fram til den fasen som kjem no. Lesing, redigering, kommunisere med redaktøren og sjå teksten endre seg frå bra til forhåpentlegvis knallbra.

Gler meg til å sjå dei ferdige bøkene. Sjå kva nifst omslag designaren kjem fram til. Gler meg til å reise rundt til neste år og lese frå dei. Pirre leselysta til elevane, og skremme lærarane slik at dei blir redde for foreldrereaksjonar.

Soga om Svarte-Mathilda 2 og 3 byrjar no.  

Reader Comments (4)

Hei! Vil bare si at Svarte Mathilda er en av bøkene jeg har blitt mest inspirert av. Jeg er en jente på 15 år som elsker å skrive, og dikte historier selv, og er en stor fan av skrekk og grøss når det kommer til bøker. Jeg har valgt å lese denne boken i en oppgave gjennom skolen, og har skrevet både om boken og deg. Dette er en bok jeg kommer til å lese utrolig mye, og den kommer til å sitte inne i hodet på meg i lang tid. Boken er både mystisk og overraskende og jeg må bare få si at du er et stort frambilde for meg som liker å skrive!

feb 16, 2012 at 19:57 | Unregistered CommenterThea Kvam

Tusen takk for dei fine orda! Eg set veldig stor pris på å høyre dette, det er akkurat slike oppmuntrande ord eg treng ein kald vinterdag. Det inspirerer til vidare skriving.

Har du forresten høyrt om www.skrivebua.no? Der kan du heilt anonymt leggje ut eigne tekstar og la andre brukarar kommentere dei, og i nokre tilfelle få tekstane vurdert av forfattarar.

Lukke til med dine eigne skriveprosjekt, Thea! Vi treng fleire skrekkforfattarar her til lands.

helsing
Tor Arve

feb 21, 2012 at 9:00 | Registered CommenterTor Arve Røssland

Heisann c:
Jeg er ei jente på 12 år som har lest svarte methilda bok nr. 1. Jeg vet jo at 2 og 3 kommer ut i 2012, men er det anslått noen dato på når disse kommer ut, er tilgjengelig på nettet \ butikker ?

- Ei som lurer veldig

feb 24, 2012 at 22:25 | Unregistered CommenterEliva

Hei, Eliva.

Så kjekt at du gleder deg til Svarte-Mathilda 2 og 3, men du må nok vente litt til. Det er ikkje satt dato for utgjevinga, men bok nr 2 kjem til hausten i år, og bok 3 kjem våren 2013. Det er i alle fall dette som er planen. Det tar tid å lage bøker!

Helsing
Tor Arve

feb 24, 2012 at 23:35 | Registered CommenterTor Arve Røssland

PostPost a New Comment

Enter your information below to add a new comment.

My response is on my own website »
Author Email (optional):
Author URL (optional):
Post:
 
Some HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <code> <em> <i> <strike> <strong>