Svarte-Mathilda II teaser på youtube
mandag, april 23, 2012 at 18:17 |
Tor Arve Røssland | Her kan du sjå ein liten teaser til den neste boka mi.
Tor Arve Røssland er ein norsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. På denne nettsida kan du ta kontakt for skulebesøk, lese blogg om forfattarlivet og finne generell nyttig og unyttig informasjon.
Her kan du sjå ein liten teaser til den neste boka mi.
Eg likar dei nye media som Facebook, Twitter, Youtube og kanskje på sikt Google+. Har faktisk fått mange forfattaroppdrag som resultat av at eg er aktiv på desse sidene. No sist blei eg kontakta av ein lærar på Tonstad skule i Trondheim som ville ha skrivekurs for ni gutar i tiandeklasse. Læraren hadde lese boka mi GAMER for elevane og der fann dei noko som dei ikkje forventa å finne i ei bok. Noko som snakka direkte til dei, og som gjekk føre seg i eit miljø dei kjente igjen.
Ho fann meg gjennom Twitter og spurte meg eg ville kome til skulen og halde eit inspirerande skrivekurs for dei. Noko eg ikkje har gjort så veldig ofte, men som eg etter besøket har veldig lyst til å gjere mykje meir av. Eit par av elevane på skulen skreiv verkeleg gode tekstar. Alt frå humoristiske og satiriske til gjennomtenkte, politiske og filosofiske. Dei som ville las opp tekstane sjølv, og det varma eit sentimentalt forfattarhjarte frå Vestlandet då ein medelev spontant utbraut: "Veldig bra tekst!" om det ein annan hadde skrive. Dette var elevar som i utgangspunktet var lei av skulen og som mykje heller ville sitje heime og spele dataspel. Eg håper dei finn tida til å skrive litt innimellom.
elevar,
gamer,
skrivekurs,
skriving,
skular
Tirsdag 27. mars hadde vi lansering av Skumringserien på Jordal skole i Oslo. Eit knippe elevar, representantar frå Leser søker bok og Norsk forfattersentrum, eit par journalistar og tre forfattarar. Stemninga var god heile vegen, forfattarane las i nesten stummande mørke, berre hjulpne av nokre blafrande stearinlys og ei lita lommelykt. Det blei ei kul stemning rundt det heile.
Jon Ewo las frå Respekt, Widar Aspeli frå Psyko og eg frå Gamer. Trur vi alle fann vårt publikum. Bøkene våre rettar seg inn mot ulike menneske, og i ein vanleg skuleklasse i ungdomsskulen finn du dei alle. Dei som likar spel, dei som likar tung rappemusikk og dei som er forelska i nokon som ikkje er forelska i dei. I
desse tre bøkene finn dei alle noko å lese om.![]()
Då gjenstår det å sjå om det blir fleire bøker i serien? Eg trur både forlaget og Leser søker bok har lyst til det. Eg veit at Widar og Jon grublar på idear, og sanneleg så trur eg at eg kom på noko eg og ...
Jon Ewo,
Leser søker bok,
Mangschou,
Widar Aspeli,
gamer,
psyko,
respekt
GAMER får mykje skryt, det er kjekt. Eg har òg fått fleire tilbakemeldingar frå lærarar som har begynt å bruke den opp mot skuletrøytte og lesesvake elevar. Ser ut som boka treff dei.
Minner om dei andre bøkene i Skumringserien til Mangschou forlag. Respekt av Jon Ewo og Psyko av Widar Aspeli. 27. mars skal vi ha lansering av bokserien på Jordal skole i Oslo.
Jon Ewo,
Leser søker bok,
Mangschou,
Widar Aspeli,
gamer
Av og til møter ein elevar som er litt meir engasjert enn andre. I dag gjorde eg det. Ein gut i åttandeklasse på Lierbyen skole kom bort til meg etter timen var over og lurte på alt mellom himmel og jord. Korleis sender ein inn bøker? Går det an å leve av det? Jobber du i eit forlag? Kor lang tid tar det? Osv, osv.
Eg svarte så godt eg kunne, og håper eg klarte å inspirere han til vidare skriving. Håper han tar tipsa mine til seg og kan ha nytte av dei. Kanskje han les denne bloggen og blir endå meir inspirert? Kanskje han om nokre år er ein av mine kollegaer i forfattarmiljøet? Ein veit jo aldri.
Å møte slike entusiastiske elevar er inspirerande for ein forfattar på turné. Stå på vidare alle som likar å skrive!